Kvilepuls!

"Du er gal du, Christine! Eg skjønar ikkje kor du hentar kreftene dine i frå! Hadde eg hatt berre litt av ditt pågangsmot! Du er ikkje rett skrudd saman. Kva blir neste ekspedisjon? Respekt! Råskap på to hjul! Men kvifor i alle dagar sykla du så fort? Eg tar av meg hatten..hadde eg berre hatt ein hatt."

Tilbakemeldingane har ikkje latt vente på seg etter Nordkapp - Lindesnes eventyret blei avslutta. Mange har kalla meg gal. Andre synest eg er tøff. Nokre har beundra mitt pågangsmot. Dei aller fleste har lurt på kva som dreiv meg til å sykle nærare 270 mil gjennom eit vêrhardt, kupert og eviglangt land på 19 dagar.



"Heimlengselen," pleier eg å svare, med glimt i auge og ein oppfølgingskommentar på lur. "Lei av å sove i telt." Latter! Det er nok ikkje heile sanninga, men likevel ikkje heilt løgn. 

Det har tatt meg tid å fordøye denne ekstreme sykkelturen. Så mange inntrykk, så mange opplevingar. Så mange nye kjensler og sider ved meg sjølv eg aldri har møtt. Oppturar og nedturar. Kontrastar eg ikkje kunne drømt om å førestille meg. Framleis klarar eg ikkje heilt å ta inn over meg at eg har sykla Nordkapp - Lindesnes på 19 dagar. 

2603 km. 133 timar på sykkelsetet. 19 dagar. Det er langt det. Prøv gjerne å sykle Bergen - Voss 19 dagar på rad med ein sykkel som veg 35 kg, med dårleg matlyst, lite søvn, våte klede, sittesår og betente ledd over heile fjøla.

Sjølv om tilbakemeldingane har vert overveldande og eg heile tida får bekrefta at det står stor respekt av det eg har gjort, er det som om ein del av meg som ikkje heilt klarar å glede seg over prestasjonen. Å nå Lindesnes, dagdrøymte eg om i kvart ledig minutt på sykkelsetet. Eg burde vere nøgd, juble og leve på dette resten av livet. Og joda, misforstå meg rett, eg er glad og veldig stolt. Men i staden for å stoppe opp og glede meg over prestasjonen og nyte seieren, jaktar eg allereie på nye utfordringar og nye måtar å realisere meg sjølv på. Suksess er ferskvare. Det heng nok tett saman med min livsfilosofi og mitt sterke konkurranse innstinkt. Flink pike syndromet slår nok også inn. Vil klare meir, vil bli betre, vil utfordre og meistre. I tillegg er eg av den oppfatting, at  livet handlar om å vere lykkeleg. For å vere lykkeleg må ein kjenne ei meining med livet. Det er ikkje nok å berre eksistere. Dei som tidlegare var faste lesarar av bloggen, veit at min store visjon i livet er å formidle kor viktig det er å ha ei glede med alt ein gjer. Alt for mange av oss gløyme at livet handlar om å vere lykkeleg. Vi går på autopilot i ein travel kvardag, og vårt handlingsmønster er regulert av samfunnets forventingar og våre nære og kjære relasjonar.Vi gløyme å trekke pusten og kjenne etter om vi verkeleg er lykkeleg og om vi verkeleg kjenne ei meining med livet. 



Kva som gjer oss lykkeleg er individuelt. Og for å forstå kva som gjer oss lykkeleg, må vi forstå kva faktorar som medverker til vår lykkekjensle. Vi har godt a å stoppe opp og bevisstgjere dei små og store val ein tar, kvar dag. Å finne ei ultimat utfordring og meistre den, DET gjer meg lykkeleg. Når eg klarar å leve ut mitt sanne potensiale og klarar å vere den beste versjonen av meg sjølv, kjenne eg at livet gir meining. Av og til må ein berre vere litt gal, ta sats og hoppe ut av komfortsona. Det er då ein veks som menneske, kjenne at ein leve og kan realisere seg sjølv og draumane sine. Dette driv meg i kvardagen. Dette driv meg også til å allereie no tenke på neste utfordring. 

For meg handlar også livet i stor grad om kontrastar. Eg kan ikkje ligge på sofaen kvar dag og ha det behageleg. Eg treng å oppleve smerte, eg treng å trene til syra tar meg og eg treng å vere så sliten at eg har lyst å byrje å grine. Kontrastar forsterkar dei ulike kjenslene våre og gjer livet mindre montont. Du veit sjølv, kor godt det er å ligge på sofaen ETTER ei hard treningsøkt. Ein seier smakar best når ein VERKELEG må jobbe for den.



Som lita jente pleide eg å kaste udrande blikk på forbipasserande syklistar, nedlessa i bagasje. Eg tenkte med meg sjølv, at det å sykle vekesvis på tung sykkel i all slags vær, det var galskap. Kven er det som gjer noko sånt? .... Ironisk nok enda eg opp som ein av desse nedlessa syklistane sjølv. Eg kan konstantere, at det å sykle Norge på Langs på tung sykkel gjennom eit kupert og værhardt land, det er galskap. Galskap fyllt av hærlege kontrastar, som definitvt sitt spikra som minne for livet.



Midnattsol på Nordkapp. Hundreogein store myggstikk i Finnmark. Den nydelege teltplassen ved Kåfjord. Reinsdyr ved teltet. Nudlar og karbonade laga på primus. 10 mil i motvind over evighetslandet Sennalandet. Å sykle i ring i Alta. Bubilar i hopetall. Eviglange fjordarmar. Fjell med spektakulær utsikt. Kviletid på dei mange ferjene. Senjatrollet med varm kaffe på ein våt dag. Overfart til Andøya med kraftig sjøsjuke. Nydeleg kveldsetappe på paddeflate Andøya. Sydvest og sykkelhjelm.



Ein varm dusj og ein mjuk seng. Midnattsol og lette bein til Svolvær. Tunge bein, motvind og regn på Lofoten. Innstilt ferje til Bodø. Våte ullsokkar og våte sykkelsko. Det konstante ønsket om å bytte sykkel mot bubil. Dårleg matlyst og mental utmattelse. Kyllingsalat med ferskt brød. Polarbørd med nugatti. Matpause i grøfta på E6. Humørsvingingar. Punktering. Den trivelege mannen på Grong, som kunne tilby både XL1 og kaffe rett i koppen. Straka vegen på E6. Umogleg bykøyring i Trondheim. Medvind opp Dovrefjell.



Trivelege menneske. Dårlege sykkelstiar/traktorvegar. Dårleg sykkelvegskilting. Heftig sykkelshortsskille. Krittkvite strender og hissige bilistar. Nedlagt hotell i Lekvsik. Feilsykling i Hønefoss. Endå fleire hissige bilistar. Det konstante ønsket om å hoppe på eit tog. Heimlengsel. Smerter og X antal smertestillande. Sniklading av alt elektronisk utstyr. Fortvilte tårer. Ulovelg motorvegkøyring. Jubelscene berre for ein dusj og ein mjuk seng.



Alt for få timar søvn. Kjensla av å duppe av bak styret. Red bull, pepsi max og iste. Smågodt - 7 kg totalt på turen. Nydelege Stokke Nedre med trivelege Mina og heimelaga pizza. Bilistar som påstår at vegen framfor oss er flat. Uendeleg mange fjell. Hjelpsomme menneske. Siste nat med 3 timar søvn. Siste etappe på 25 mil (mange tårer). Synet av Mamma og Pappa på Lindesnes. Kjensla av å kunne sette frå seg sykkelen.



 Som eg pleie å sei; eg er glad eg har gjort det, for eg gjer det aldri igjen. Det kjennes som om det var i går. To spente sjeler på Nordkapp platået midt på natta, under knallblå himmel om midnattsol. Vindsikker bekledning og upåklageleg pågangsmot. Lite visste vi om kva som venta oss, og godt var det, for ellers hadde eg nok aldri gjort det.



Det er greit nok å sykle 2603 km på 19 dagar, viss ein ser vekk i frå våte sokkar og illeluktande klede. Ein kropp som får altfor live søvn og kvile, dårleg matlyst og elendig ernæring. Heimlengsel og smerter. Kalde netter i telt i klamme soveposar... Men eventyret kom som ei pakkeløysing, det fann vi tidleg nok ut. Eg var ikkje i tvil om at det kom til å bli tøft. At vi ville få mange utfordringar og at oppturane konstant ville veksle i nedturar. Likevel hade eg ingen ide om kva eg skulle gjennom. Forestill deg at du har sykla 19 mil. Du er sliten. Kleda er våte og du går å legg deg i ein kald og klam sovepose. Du veit at om nokre timar søvn, skal du sykle igjen. Heimlengsel. Du har store betente sittesår. Betent akilles og betent kne. Negla i storetåa er inngrodd og verknde. Du får i deg for lite mat og søvnen er av dårleg kvalitet. Vind og regn slår teltduken i ansiktet ditt og vekker deg konstant. Du våknar tidleg, for i morgontimane fungerer teltet som ei badstu. Og så skal du på ny sette deg på sykkelen igjen og sykle heile dagen. I dag, i morgon og dagen etter det igjen. 



Eg kjem aldri til å legge skjul på at det avr ein tøff tur på mange måtar. Likevel ville eg aldri vert for utan. Det som ikkje tar livet av deg gjer deg sterkare. Etter denne turen er det ingenting som er tungt, ingenting som er langt og verkeleg ingenting som er umogleg. Eg har gjort noko eg undervegs ikkje trudde eg skulle klare å gjennomføre. Eg har sprengt grenser og tråkka langt utanfor komfortsona. Eg har realisert ein draum eg har hatt lenge og bevist for meg sjølv at eg kan få til alt eg vil, berre eg vil det sterkt nok. Etter denne turen kjenne eg meg udødeleg. 



Udødeleg. Stolt. Lykkeleg. Og veldig glad for at eg slepp å sykle 2603 km dei neste 19 dagane.



Eg vil også benytte anledninga til å takke alle rundt meg. Oppmuntrande meldingar, støttande kommentarar, heiarop og engasjement. Eg vil gjerne få takke Mamma og Pappa spesielt, verdens beste sykkelskruingskomite, utstyrskomite og velkomstkomite. Då det var så tyngst siste dagen, var synet av dåke på Lindesnes min fremste motivasjon. Tusen takk til EM Budbil for eit supert samarbeid og påliteleg oppfølging. Tusen takk til GET Bergen og Yngve for Norgepålangs-sikker bekledning. Eit godt støtteapparat tek vekk mange bekymringar. For dette er eg evig takknemleg. Tusen takk til Jan Erik for tidenes tolmodighet og humørsvingings-toleranse, for frakt av telt og godt selskap på turen. Dåke er alle heilt fantastisk og avgjerande for at turen blei ein realitet.



Til slutt, NPL syklistane sine hotte sykkeltips:

- Motvind er din verste fiende. Ikkje undervurder sidevinden heller!

- Lukta av svidde bremseklossar betyr at du er langt i frå toppen du er på veg opp på. 

- ein motorsyklist kjem sjeldan aleine.

- tut og vink er aldri positivt...

- sykkelstiar er ikkje eigna for syklistar. Ironisk nok!

- du får aldri nok ullsokkar.

- sykkel forbudt skilt må ein fint ignorere.

- oppvarma do er kraftig undervrdet!

- Sykkelkrem er eit must.

  

I skrivande stund nyte eg heite kvardagar i Bergen. Eg er nok ei enkel sjel og trives godt i kvardagen. Med trening, jobb og venar. Kvardagslykke er kraftig undervurdert, men eg gledar meg likevel litt til neste eventyr. Helsa går det mykje betre med også. Tåa er operert, den andre tåa er framleis følelsesløs, men kven bryr seg om det. Kneet er ikkje lenger betent og akilles oppfører seg eksemplarisk. Sittesåra har grodd og låsningane i korsrygg har opphørt. HURRA!

Vi blogges ved neste eventyr... Hadet bra så lenge, bloggen!



Ps: neste gongs syklar eg motsatt veg, då får eg garantert medvind heile vegen... 

 

 

9 kommentarer

Lena Ludvigsen

26.07.2013 kl.22:46

Herregud så rå og motiverende du er!!:D
Lena Ludvigsen: Syns du? Takk, det gleder meg å høyre:-)

Lyckliga Ingrid

27.07.2013 kl.06:38

Det var litt av en tur, ingen tvil om det! God å lese at du er "frisk" igjen etter betennelser og ødelagte tær og knær. Én ting jeg lurer på er hvorfor dere fullførte på 19 dager framfor de planlagte 26? Hadde det ikke vært mindre belastende å sykle roligere og bruke mer tid? Eller var det om å gjøre å komme seg i mål?

Uansett, respect sistah! Det der er f*en meg mye å være stolt av!

ingunn

27.07.2013 kl.09:35

Wow. Skikkelig imponerande. Kjekt å lese om korleis de hadde det på turen, på godt og vondt og ikkje minst, veldig kjekt med dette opfølgingsinnlegget. Lykke til på neste eventyr!

Camilla

27.07.2013 kl.10:22

Du er noe helt for deg selv! Helt rå!
Lyckliga Ingrid: hehe. Trur vi undervegs blei litt lei av å vere på tur og sykla fortest mulig for å komme heim;) eg er ei rastløs sjel, og når eg har bestemt meg for å gjere nåke, ender eg stort sett opp med å skynde meg gjennom det! Det hadde blitt en helt annen tur om vi hadde brukt ei uke til. Mindre stress, mindre belastende og meir tid til å nyte, helt klart:)
ingunn: tusen takk for det:) er tilbake ved neste eventyr;)
Camilla: takk for det ;)

Linn Therese

27.07.2013 kl.18:12

Så flink du er! Stå på sportye du :-D Dersom du ønsker deg nye treningsklær har du store muligheter for å vinne på konkurransen min på bloggen her: http://vektlofterjenta.blogg.no/1374939710_vinn_treningsklr.html

Lykke til!

Legg igjen en kommentar

hits