FREE FALLING

Om luftige smil og sånn....

HERREGUD for ei SINNSJUK kjensle. Dette har eg hatt lyst til lenge, og ein lev berre ein gang sant? Å hoppe frå eit fly, på 15 000 fot er noko som ikkje kan beskrivast, DET MÅ opplevast!!! Men okei, eg prøver likevel...

Eg bestemte altså plutseleg her ein dag. Kvifor ikkje? Nokre dagar seinare var eg på veg til Voss, med verdens beste støttekontakt ved sidan av meg, klar for å gjere mitt livs stunt. Vi kunne ikkje vert heldigare med været. KNALLBLÅ himmel, steikande sol og vindstille. Litt småkvalm og nervøs, akkurat som det skal vere. I følge min tandempartner crazySteve, hadde han blitt svært bekymra om eg ikkje var det ;-)

Etter ei kjapp opplæring og omkeldning, stod eg klar i dress og seletøy. Crazy Steve beroligar meg med at han snart har hoppa i 3 veker no, så eg kan føle meg trygg.....Etterfulgt av ein rå latter og tusen nye bekymra spørsmål frå meg. For det er jo ein del ein lurer på når ein legg livet sitt i andre sine hender. Kva om crazySteve får illebafinnande (skjermen løyser seg visst automatisk ut), eller om eg løsnar frå tandempartnere'n (han lova å stupe etter meg) eller om eg skulle falle ut selen (han lova at eg ikkej skulle gjere det).... Lettere nervøs før take off, kan du sei. Ikkje blei det spesielt mykje betre i det vi var komt inn i flyet. HERREGUD, kva er det eg driv med????

Eg gjentar, KVA ER DET EG DRIV MED??? KASTE MEG FRIVILLIG ut i frå eit fly? I MUST BE CRAZY!!!!!

Men det er liksom ingen veg tilbake, når du plutseleg sit fastspent og ein bevegar seg fram mot den åpne døra, som akkurat 5 andre har kasta seg ut gjennom med jubelrop. Den minste bekymringa eg hadde, var den ûberfine hjelmen, btw.. ;-)

FOR ein SINNSJUK surrealistik følelse, å stå i den åpne flydøra og sjå lille Voss, 15 000 fot under meg. HALLO, hoppe ut her liksom? NEVER! Trur eg stritta litt i døra, samstundes om eg prøvde å gjere som eg var opplært til. Dette er for surrealistisk, det er berre å lukke auge og la det stå til!!!

 Så var det ingen kjære mor... "One, and Two and GOOOOOOO".... Det er alt eg høyre, i det eg kjenner eit heilt sinnsjukt fantastisk SUUUG i magen. Det er ingen tvil om at eg er i fritt fall. SKREKKBLANDA FRYD!!!

Etter 10 sekund med gjenlukka auge og holdt pust, tørr eg åpne augene og sjå ned. Fartskjensla har eg mista, og eg kan nyte tidenes utsikt over fagre Norge. Ein kan bli nasjonalromantisk av mindre!!

Så begynner MOROA, i følge Steve - LET THE FUN BEGIN! Vi er opp ned og rundt oss sjølv, eg har null kontroll og NYTER det faktisk. Dør eg no, så dør eg - då skal eg vertfall NYTE kvart sekund.



Tanken på at selen skal løsne, at skjermen ikkje skal løyse seg ut eller at vi skal kollidere med andre i lufta, har forlatt meg for lengst. Det verste var å kome seg ut døra, no er det ingen veg tilbake uansett. Eg passa på å sei til Steve før vi forlot flyet, at dør eg, så dør han. berre for å berolige meg. Han klukklo ein god latter, før han tok meg med i eit sinnsjukt stup ut frå flyet!

Det er litt småsjukt å henge i ein liten sele så langt over bakken...

SJEKK UTSIKTEN!!! Ca 4000 m over bakken. Framleis heilt ubegripeleg surrealistisk. Ein skjønar nesten ikkje kva ein driv med... eg skjønar nesten framleis ikkej kva eg har gjort...

 Det er viktig å nye det eine minuttet i fritt fall. Det kjentes faktisk ut som ein evighet. Steve kunne berolige meg med at vi hadde eit minutt fritt fall i lufta, og "did we screw that up" og fallt ca 20 sek lenger, ville vi død. Kjekk han tandempartneren min ;-)

VILLT og VAKKERT! Norge/Vestlandet på sitt finaste!! Vi må jo oppleve det livet har å by på, ikkje sant??

Plutseleg kjenner eg eit heilt intenst sinnsjukt sug i magen igjen. Steve klukkler igjen, skjermen har løyst seg ut og stillheten inntreffer. Vi seglar i lufta i omlag 7 minutt. Stillheiten er heilt Magisk, utsikta endå vakkrare enn ein kan førestille seg. Ein kjenner verkeleg at ein leve! Vi snakkar påminning, KVAR DAG MÅ NYTAST!!!



Etter nokre halsbrekkande triks og vendingar akkompangert av "NEEEEEI," "STOPP;" "HJEEEEELP;" "UÆÆÆÆÆ," gjekk vi ned for landing.

Litt omtåka, veldig svimmel og heilt ør. LAMSLÅTT av opplevinga!! Eg blir sjølvsagt filma heile vegen, og når eg ser tilbake på filmen er det ingen tvil om at eg holdt på å "drite på meg" av redsel før take off. HAHA, eg ler litt av meg sjølv. Det mest sinnsjuke med filmen, er når kameramann står og filmar ut døra frå flye, då må eg innrømme at eg nesten brekker meg litt igjen. SINNSJUKT altså!

Vel landa, blir eg og superMiriam sittande å nyte sola medan eg prøver å få igjen kroppskontroll. Mange kjekke mennesker har funne vegen til Voss i dag, praten går lett blandt dei nylanda. Stemninga er magisk. Frå totalt relaxed mode til gira mennesker som akkurat har landa. Det vise seg at opp til fleire skal ta kurs for å kunne fly sjølv. Galne unge menn. Berre menn, merkelig nok... hmm, kanskje vi skal snu den trenden ? ;-) Det er vertfall ikkje siste gangen eg befinn meg på Voss Skydiving!

Vi fekk også slått av ein prat med Jenny Skavland. Ho var der med tv team for å lage ein reportasje, og ho skulle ta kurs for å kunne hoppe all by her self. KULT! Ho skulle ha sitt første hopp ila uka, og var mildt sagt nervøs, know that feeling ;-) Blir gøy å sjå når det blir sendt på tv!

Kort oppsummert: TIDENES kulaste oppleving, saman med TIDENES kulaste folk, med TIDENES frekakste utsikt over TIDENES vakkraste natur. TIDENES! Eg hadde ikkje nølt med å gjere det igjen, men eg hadde sikkert vert like redd ;-) Tørr du? GO FOR IT!!

Vi avsluttar dagen med kyllingsalat på Peppes, ved fjorden. Kan det bli betre?

No sit eg her og glise for meg sjølv. SUPERGIRA på livet. Hmm, kva skal eg finne på neste gang? Eg lovar å ikkje informere deg mamma, før etterpå ivertfall, det veit eg du set pris på ;-) høhøhø! For det var dei færraste som visste kva denne dagen skulle by på, for meg.

No skal eg jogge meg ein roleg tur og glise endå meir for meg sjølv. Eigentleg burde eg lagt meg for ein powernap, men kan ein kaste vekk livet på sånt då? Natta kjem nok til å bli hard, men sånn får det berre bli med den saken!!

Blogges!!

 

Run high, climb higher!

Eg gløttar på augene, og ser små solstrålar som finn vegen inn gjennom persiennene. Ser på klokka, berre 0700. Håplaust, eg skulle jo ta igjen litt søvn. Snur meg og prøver å sove igjen. Nyttar ikkje. Du veit den følelsen, den rastlausheita, at du berre MÅ forte deg ut for å løpe ein lang tur i varmen?

Klokka var knapt passert 0800, då eg snørte på meg skoa og camelbacken, med mål om å løpe i det uendelege. Eg sette kursen mot Rundemann, som er ein topp på omlag 500 m.o.h. Blå himmel, grøne blad på trea, solsteik og motbakkar. Då trivast eg, kan du tru. Ein times jogg på fin fjellveg og sti, og eg står på toppen av Bergens flottaste fjell. Det er berre i Bergen, folk heiar og ropar etter deg når dei ser ei jente med "gips" og "brukken fot" jogge oppover på fjellet. Bergensere er flotte folk dei, lett å imponere ;-) "Skal du løpe så fort opp heile vegen?" "Heia heia, " "Du må vere Bergens sprekaste!" Haha..som sagt, bergensarar er flotte folk dei, så lenge sola skine ;-)

 

Kvardagslykke, rett og slett! (Sjølv om det er søndag ;-)

På toppen kunne eg nyyyte nydeleg utsikt, legge meg ned i sola og berre nyyyyte tilverelsen. Eg berre elskar omgivnadane rundt byen vår, finare plass å bu skal ein leite lenge etter. Tenk å ha så flotte fjell og joggeløyper eit steinkast unna byn. Naturen mellom Stoltzen, Rundemann, Fløyen og Ulriken er heilt unik. Den må rett og slett opplevast!! Her vil eg tilbringe mine år, som ung idrettsutøver, som sporty kjæreste på kjærestejoggetur, som skravlehøns på tur med kjekke veninner, som tobarnsmor med tvillingvogn opp bakkane og som verdens sprekaste pensjonist med utgått nike tights og hengerumpe. (Spør meg igjen når hausten kjem og det har regna 200 dagar i strekk)...;-)

 Mulig eg er rusa på runners high (som var heilt heilt uunngåeleg å få i dag), men det er noko spesielt med denne plassen.

Fagre vestlandet, du er vakker!!

Etter å ha slækka ei stund i sola, venda eg nasen mot lysløypa i Fløyenskogane, neste heilt aleine, i djupe skogar og smale stiar, med sola som einaste vitne på tidenes nytelse. Det var nesten som eg gløymte tid og stad. Beina gjekk av seg sjølv - den følelsen er FANTASTISK! Men heldigvis huksa eg på klokka, og venda nasen mot Fløyen for å ete is med fine folk. Livet er fint det altså! (For ei treningsøkt, tenker du nok..men is og slækking i sola er lov på lange søndagsturar.

Dagens trening

.... blei altså, ein roleg langtur på 2 t og 30 min, inkl 60 min pushing i motbakke. Så vil påstå det beli ei knallgod økt trass nokre pausar ;-)

Dagens andre økt blei ei to timars lang klatreøkt med Karoline den fine i Lehmkulhallen. Eg har bestemt meg, no skal Brattkortet takast. HERREGUD så kjekt det er å kaltre, og så KNALLGOD styrketrening for heile kroppen. Eg kjenne allereie at gangsperra kjem snikande i fingertuppane, ingen kjære mor ;-)

Klatremus 1

Klatremus 2

 

På veg opp, ingen spøk... men på toppen kom eg!



 

Det har vert stille får denne tutta nokre dagar. Tida har rett og slett ikkje strukke til. Men trening har det blitt:

 

Fredag

Roleg jogge/gå tur på Stoltzen og Skredderdalen.  

17 mai feiringa sat loveleg hardt i. Økta er vel den dårlegaste ge har hatt i mitt minne. Herregud for ei smerte. Det er nok ein grunn til at alkohol og toppidrett ikkje skal kombineres...! Men okei, det positive med denne økta, var at eg gjennomførte knalldårleg utan spesielt mykje mat i kroppen, i kraftig bakrus, dehydrert osv... eller, det er ikkje det positive, det positive er at eg heldigvis ikkje er i så dårleg form at dette er kvardags for meg ;-)

 

Lørdag

Oppvarming: 10 min jogg, tøying og 3 fartsdrag motbakke

Intervall bakke: 1 min opp, 30 s ned i ca 23 min.

Nedjogg: lett gåtur ned igjen med h omor, på ca 40 min

Framleis sit ikkje økta som den skal...hmm...Mr:Alkohol skal ikkje undervurderes altså. Ei økt nr to blei det ikkje prioritert tid til, både fordi kroppen nekta og fordi det frista meir med shopping med brodern. Shopping til gutta boys er kjekt altså, så mykje lettare enn jenteshopping. Enig eller? Torgalmenningen i sol er heller aldri feil. Yrande folkeliv, mykje underholdning og generelt mykje å sjå på. Eg berre elskar å sitt å glo på folk,min store facinasjon. Kunne sittet i timesvis.

 

No kjenne eg at kroppen strittar i mot og vil legge seg ned. Men eg vil uuut, nyte kveldssol. Det blir nok eit kompromiss skal du sjå ;-) Eg har minimalt med søvn innabords, og er litt sliten, skal eg innrømme. Må prøve å ta ein tidleg kveld, til ei forandring. Men ikkje lett når sola skine. Får flashback til barndommen, då eg måtte legge meg før ALLE andre medan sola frameleis stod høgt på himmelen og dei andre barne fekk vere lenge ute å leike. Så no når eg er stor jente gjer eg som eg vil ;-) (Jada Mamma, eg veit det var godt meint, og eg veit at det er viktig med nok søvn for unge piker )...

Men før leggetid skal det mekkast heimelaga kyllingburger med heimelaga grovt hamburgerbrød, servert med salat og sunn dressing. Grilling er obligatorisk når det er sol. Sa eg at det er emldt 20 grader og SOL heile veka?? LYKKE PÅ JORD!! Viser resultat seinare.

Spørs om eg får sove i natt, kribler i magen. I morgen skjer det. Blir sjukt sjukt sjukt! Nyskjerrig ? ;-)

Ha ein fin nesten-sommarkveld alle finingar :)

 

Hipp Hipp!

What a day! Rett fra nattevakt og inn i bunaden. Glemte å ete frukost og gjekk rett på bunadsfyll med ein hærleg gjeng. Det er jo berre dømt til å bli priceless ;-) Det er berre 17 mai ein gong i året, lets go crazy!!

Ei ekte sognejente må ha sognebunad. Finaste, synest eg ;-)



Planen var å få med seg litt av toget, men er vel sjelden ting går heilt etter planen, er det ikkje? ;-) Sliten eg, btw? Høhø, neida ;-)

Det blei ikkje kveldsøkt, for å sei det sånn... Tenke seg til å planlegge det då! Trening blei bytta med ein god omgang handback! Finfint da! John Espen ville kun publiseres på bloggen, viss eg lova å skrive at han vann runda...Kan jo alltids skrive det ...hehe ;-)



Fine folk!

Øl og pølser...då veit du at det er 17 mai!!

Øl til frukost med fine Nina! Livet er fint! Ikkje heilt feil å "go normal" for ein dag heller. Ete salat og trene kan ein jo gjere resten av året ;-)

I morgon derimot, då er det tilbake til rutinene! Planen er MAJOR innhandling av mat, baking, trening x 2, IKEA med verdens flottaste vordande mor, Elisabeth og sjølvpleie etter ei hard feiring. Dagens blogginnlegg handla vel strengt tatt mest  om øl, øl og meire øl og minst om trening, men sånn er det å vere meg i blandt !

Og du, neste veke skjer det! *Kiler i magen* Check on my want to do list. Nyskjerrig? ;-) Stay tuned!



Huhei, her går're unna gitt....

Sånn er det når ein er på reisefot. Føler eg har nokre døgn med søvn å ta igjen, meeen sove kan ein vel gjere ein annan gang?

Gårsdagens trening

Morgen

 80 min roleg jogg i kupert terreng og motbakke

Fartsdrag x 3 (på tartan...aiai, det er kid in a candystore det ...)

Tåhev

 Kveld

Oppvarming mølle 15 min

Styrke på core + bein 30+30 min

Utløping på mølle, 5 drag på max speed. Here we go speedy gonzales!



Eg er back i solsskinnsbyen, ser ut til å ha tatt med meg godværet også. Sola skin, påskeliljene står i full blomst, måkene gaular og det er generelt lite som minnar om det sure været eg forlot. Dagens trening blei gjort i godvær på østlandet. Fint med klimaendring!

Morgen

15 min roleg jogg oppvarming, tøying, fartsdrag lett motbakke x 3

10*2 min bakke, 1 min nedoverjogg

20 min nedjogg

Tåhev

Herregud, mulig å ha tyngre bein? På tide med restitusjonsøkt kjenner eg. Kroppen skal få "kvile" noen dager nå før det skal ytast på fredag.

Ellers er det finfint å komme til duk og dekke bord når ein kjem heim. Kjøleskapet er og blir tomt til i morgen. Taco er aldri feil på ein tirsdag det, serru. Ellers må eg nok ein gong få gratulere SØLVJENTENE i Gular med fantastisk pretsasjon i Eliteklassen Damer i Kollen. Jammen er det tøft å sjå lagveninner konkurrere og ikkje få lov til å vere med....

Neste år går vi for gull; Vidar - U watch out!

God tirsdag til alle fruer!

Karbohydrat bit ikkje

Lavkarbo - verkeleg eit begrep i vinden. Kjenne eg er skikkeleg lei karbo-hysteri!! Måten karbohydrat på blir framstillt på, får oss til å tvile på om havregraut er sunt. Eller om vi eigentleg har så godt av å ete ei banan. Sånn bør det ikkje vere, spør du meg.Flott om folk trivast med lavkarbo kosthald, men la oss andre behalde vårt kosthald med godt samvit!!

Korn, frukt og grønt (karbohydrat i mengde) er eineståande kjelde til stoff kroppen vår har nytte av. Nokre meinar at ein bør unngå dette i kosthaldet for å ha eit blodsukkervennleg kosthald. Kan ein ikkje få både pose og sekk, altså? Eg er fullstendig einig i at jo-jo tendens i blodsukkeret gjer til at vi ofte får cravings på det søte. Då er det verkeleg vanskeleg å ligge unna søtsakene i skapet.

Uansett kosthald; målet er å ha eit jamnt og stabilt blodsukker som held oss mette, opplagde og førnøgd (eg er nok ein av dei som skiftar personlegheit når det går over 3. timar sidan siste måltid - Sur, sa du?).  Her er nokre tips for å halde uønska svingingar under kontroll, uten å gå glipp av viktige næringsstoff som karbohydrat gir oss... (nokre ser ut til å meine at dette er vanskeleg å få til når kosthaldet innheld karbohydrat).

Vel grovt:  Finmalte og moste produkt, gjer karbohydrata lettare tilgjengeleg for opptak i kroppen. Ein anna fordel med å velge uarbeida og heile kron, er at desse produkta innheld meir fiber. Fiber held maten lenger i magesekken. Dette gjer oss mett lenge. Så vel grovt framfor lyst, og helst med mykje heile korn. Eksempel på denne type mat: heimelaga knekkebrød, grov brød, havregraut osv.

Protein og fett forsinkar: Fiskepålegg, kjøtt, ost, avocado, reker og egg! Det er mange supre pålegg å velge mellom, og som gjer at karbohydrat frå brødskiva brukar endå litt lenger tid over i blodet. I tillegg gir protein langvarig metthetskjensle i seg sjølv. Super apetitt-regulering!

Kompakt og tettpakka:  Denne type mat held på stivelsen,  slik at sukkermolekylene må frigjerast før dei kan takast opp i kroppen. Du har kanskje merka at det tar tid å bli svolten igjen etter å ha ete fullkorn spaghetti?  Så vel fullkornsprodukt.

Ver gjerrig på sukkeret.  Uansett om du vel honning, vanlig bordsukker eller fruktose til å søte teen med; tilsatt sukker er "tomme kalorier" som går rett i fletta. Om du derimot let mesteparten av karbohydratane kome frå matvarer der det finns naturleg, får du mykje ann som kroppen treng på kjøpet. Bonusen er ofte fiber og protein som i tillegg gjer at blodsukkerstiginga blir moderat. 

Et jevnt og trutt, ikkje alt på ein gang: Både druer og juice er sunt, men det betyr ikkje at det er lurt å et ein halvkilo eller å drikke ein liter i slengen. Ein liten mengde av gangen gjer at det ikkje blir så mykje sukker for kroppen å ta hand om. Ei frukt, ein neve druer eller eit glass juice er ein rimelig porsjon. Velg gjerne fargerikt og variert, så får du mest mulig ut av dagens fruktrasjon. Svinger blodsukkeret ditt vanligvis mykje kan det vere eit godt tips å ta nokre nøtte saman med frukta (inneheld protein, fett og fiber som gjer opptaket treigare), eller å bruke frukt som dessert etter eit måltid.

Kort oppsummert: det kan vere vel så lurt å velge grovt og å vere forsiktig med sukker som å telle på karbohydrat.  Hørt det før, sier du? Spør du meg, får du eit rikare og meir spanande kosthald med karbohydrat.

 

Gi gjerne karbohydrata til meg! As we speak, restituerer eg på harde livet. Langflat i soffan med havregrauten på fanget. I dag blir den servert med cottage cheese, cookies and creme proteinpulver, LOADS med kanel og eit heilt eple i små bitar. MmM! 1. økt er unnagjort, snart venter økt nr 2. Sånn ser dagens trening ut:

 

1. økt

Oppvarming 15 min jogg + 3 drag

Bakkeintervall: 7 x 4 min, 1 min aktiv pause med jogg nedover

Nedjogg 25 min, roleg

3x40 tåhev

90 min unnagjort, terskelpuls oppnådd, stive bein mot slutten, blodsmak i bratte parti...kva skal ein sei? Alt i alt ei knallgod økt. Nevnte eg at beina var kjempelette i dag? OM dei var, HURRA!

2. økt

10 min jogg oppvarming

2x6 serier teknikk

25 min spenst

10 min nedjogg

Utfordringa er å finne øvingar med minst mogleg slag mot føttene. Det provoserer tilhelinga av leddbåndet. Men spenst er viktig, så dette skal eg få til ;-)

 

Håpar alle får ein nydeleg søndag, uansett kor ein er i verden :)

Du veit det er helg...

...Når godteposen er større enn isbergsalaten!!!;-) - Sitat Annette

Rødvin i glaset, taco på bordet. Alt utanom været innfrir i hovudstaden... Men det er heilt greit, eg storkosar meg eg!

Håpar alle får ei fin helg!!:) Egskal vertfall nyte frihelg, med fredagskos, holmenkollstafett, GularIda og forhåpentlegvis SOL i morgen! Juhuu!

Matpakkemaraton

Oh, what a day. Men først, gårsdagen...

Er klar over at denne setningen muligens går på repeat på denne bloggen, men kor i alle verda blir tida av? Skjønner liksom ikkje heilt, dagane berre forsvinn og sola går ned før eg får sukk for meg. Det viktigaste er at det blir tid til trening i vertfall ;-)

Trening Onsdag

80 min roleg jogg

Tåhev



Kjapp og grei økt. Trening treng ikkje alltid vere tidkrevjande. Føler det går betre og betre med løpinga. Hæljogging er nesten bytta ut med tåjogg for godt no. Anekelen blri sterkare og sterkare, og det gleder meg STORT!!! Dagens økt var ei restitusjonsøkt, for å spare på kruttet til dagens økt.

 

Trening Torsdag

Oppvarming: 15 min jogg + 3 fartsdrag

Bakke: 1 min opp, 30 s ned intervalløkt opp Stoltzen. Ca 23 min intervalltid

Nedjogg 30 min

 

Basis overkropp 45 min

 

For ei fantastisk DIGG økt! Glad eg sparte på kruttet i går, det resulterte i ei knallgod økt i dag. Det er så digg med motbakker, det styrker virkelig legg og ankelparti, for ikkje å snakke om hofteleddsbøyar og framside lår. Dette får eg igjen for seinare, that's fo' sho'! Hadde både syre og tunellsyn mot slutten, akkurat som ei god økt bør innhalde. Overlykkeleg for å treffe på ein mann med ein heil boks med frukt på toppen og for at superMari mata meg med druer. For ein gjeng!  Og du, eg har ikkje kjent smerter i ankel på lenge, and that makes me SO happy!! Det hjelp å vere litt fornuftig, tydelegvis. Alle timar på sykkel og spinningsal, for ikkje å snakke om turar på fjell og terreng har gjort underverker!! Avslutta dagens trening med 45 min overkroppsbasis med min faste basispartner Mari.

Skal bli sterk ;-) Veldig viktig å generelt vere sterk i kroppen når ein spring mykje. Okei, armar er ikkje det mest relevante, men å vere sterk i mage/rygg hjelper på god holdning og eit godt løpesteg. Men triceps er litt viktig den også altså, bruker jo armene aktivt under løping, så litt triceps/biceps må eg få lov å trene;-)

Har organisert nistepakkar og lunsjbokser til den store gullmedalje i dag. Viss ikkje eg har gjort meg fortent til årets dronning av nisteplanlegging, skjønar eg ingenting... Neida...ehm, høhø, joda!! Hmm, 2,3,4,5 nei faktisk 6 måltid har eg førebudd. Straks går eg på nattevakt, deretter direkte på toget til Oslo og Annette. Får heilt panikk viss eg ikkje har nok mat, veit at kroppen kreve sitt, spesielt etter dagens harde økt. Restitusjon = mat og kvile! Krysser fingra for null shitkids on the train tomorrow,ya! Jenta vil catch some sleep! Er btw BIG happening i Oslo i helga. Holmenkollstafetten 2012 går av stabelen, og i år er Gular ute etter gull både på dame og herreside i eliteklasse. Sjølv blir eg ståande på sidelinja med ankelskinna mi og heie..... buhuu.. MEEEN, nokon må ha den jobben også! HEIA GULAR!


Lunsj på jobb, lunsj til morgondagen, frukost x 2 og ein haug med mellommåltid. Ja, når eg jobbar natt heiter alle måltid lunsj og frukost, sånn er det berre. Boksar med fruktsalat, wok og salat. I salaten er det kalkunkjøtt og egg + pasta. Nudler skal tilsettes svinewoken. Mellommåltid: yt, barar, gulrot, nøtter, tørka frukt, yoghurt, cottage cheese og knekkebrød. Blir bra det her vel??

Pasta og nudlar står på kok, det er nistepakken's siste supplement. Dei skal få putre i fred medan denne jenta tar seg ein svært naudsynt dusj. Du skal vel på Holmenkollen du og? 40 000 er påmeldt, dette blir ein FOLKEFEST, tjohei!

Problem med matlysta om morgonen?

Stort sett våknar eg med kjempesug etter havregraut. Men nokre dagar gjer eg mirakuløst ikkje det (Må jo vere noko alvorleg galt, I know). Men sjølv om matlysta ikkje er heilt på topp, passar eg på å få i meg frukost. Frukost legg grunnlag for resten av dagen, spør du meg. Dagens første måltid kickstartar systemet, og rett mat gir deg energi som varer. Alfa omega viss ein skal fungere i ein travel kvardag som krev at du er på topp heile tida. I dag mekka eg saman ein frisk frukostvariant. Smoothie går ned på høgkant uansett, så dette er ein sikker vinnar.

 

Du treng

Frossen bringebær

1 boks skyr bringebær

Fun light saft bringebær

Havregryn

 

Ha alt i ein blender. Fun light safta blander du halvt om halvt med vatn, sånn at du får ei sterk saftløysing.



DIG IN, og få den best moglege starten på dagen du og!

Ei god beinøkt blir belønna med homemade vaniljepudding healthy style!!

SÅ ufatteleg DIGG å vere i gang med skikkeleg styrke på bein igjen. Etter overtråkket har eg bevisst ungått beinstyrke, men no er det på HØG tid å kome i gang igjen. Fantastisk å sjå at styrken ikkej har tapt seg SÅÅÅ mykje, *puh*... Var så sliten etter økta at eg nesten ikkje kom meg opp trappene på Sats, ehe... DEN FØLELSEN har eg sakna!!

Dagens trening

30 min jogg i roleg tempo

 

Knebøy 3x12 x 50 kg

Strak mark 3x10 x 50 kg

Beinpress 3 x 10 x 90 kg

Liggande lårcurl 3 x 10 x 20 kg

Seteløft i slynge 3 x 15

Tåhev

Gåande utfall med manual 3 x 15

15 min mage/rygg

 

Avslutta med 15 min roleg jogg heim

Hoppande glad!! Garderobehopping, risiko frå ei anna verd. Må forte seg så ein ikkej blir oppdaga ;-)



Skikkeleg mør i beina, and It feels good. Vel heime mekka eg digg kyllingsalat med smak av vår.



Basis salat, greit å ha i kjøleskapet for nistepakken i morgen: isbergsalat, crispy salat, agurk, tomat, rødløk, vårløk, eple, paprika og tomat.



Servert med MENGDER cottage cheese, fordi cottage cheese alltid er eit must! Og ein heil grilla kylling steikt i panne saman med krydder: hot orientalsk curry, curry, paprikakrydder, chili, pepper, kvitløk og oregano. Smakar kjempegodt! For ikkje å gløyme heimelaga rundtstykk som alltid ligg på lur i frysen, kjekt å ha på lur, digg som tilbehør til salat!

Dagens dessert (også eit must) beli heimelaga vaniljepudding, healthy style.



1 eggekvite

1/2 beger mager kesam

6 dr stevia vanilje

3 ss sukrinmelis

1,5 ss vaniljeprotein

3 gelatinplater.

 

Stivpisk eggekvite saman med stevia.

Legg gelatinplater i kaldt vatn, til dei er mjuke. Ha deretter over i 5 ss varmt vatn. Løys opp.

Bland kesam, vaniljeprotein og sukrinmelis.

Pisk inn gelatin i ein tynn stråle, deretter eggekvite.

Sett til kjøing i 30 minutt. Server med friske eller varme bær, begge deler er like digg.



Eg serverte med kiwi og jordbær i skiver. Mmm!

 

No piskar regnet mot rutene, og vinden rusker godt i trea. Skikkeleg innestemning, akkurat som bestillt. Lysa er tent og kveldskosen er ferdiglaga. Det er torsdagskveld aka fruene og greys kveld. Etterlengta veninnekveld står på menyen.

 

Sunt er digg!! Kosemat treng ikkje å vere usunn mat. Digg fruktsalat med tørka frukt, nøtter, vaniljekesam og kanel. Diggeste som fins! Ser det ikkej godt ut??

 

Håper alle får ein koselig tirsdagskveld!









Intervall økt på Rundemann

Deilig å vere i gang igjen. Langbakkeintervall stod på planen, og gjett om eg var spent på formen. Det er evigheter sidan eg har sprunge langintervaller generelt sett, så hadde absolutt ingen forventingar.

Dagnes økt

Oppvarming: 15 min roleg jogg, 3 drag i lett motbakke

Økt: 4 x 4 min + 4 x 3 min i motbakke, med ein minutt aktiv pause. Økta gjekk opp på Rundemann, 4,5 km lang løype med stigning på 570 høgdemeter

Nedtrapping: roleg jogg/ gå ned frå fjellet

Totalt 90 min, 15 km

 

Følte meg så utruleg lett i dag. Lenge sidan bein har gått av seg sjølv. Kjenner også at ankelen blir sterkare og sterkare, eg kjem stadig lenger opp på tå vs hæljogging som eg har drive med siste tida. Kjenner eg er supermotivert for trening om dagane, så no gjeld det å smøre seg med tolmodighet og halde igjen. Eg er langt i frå skadefri.

I morgon har eg fri, så då skal huset få gjennomgå. Det trengs. Det er og lenge sidan eg har kokkelert på kjøkkenet, så tenker å snøre på meg forkleet i morgen. Skjønar ikkje heilt kor dagane har blitt av, men det går verkeleg i eitt for tida. LIKE IT!


Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
Lidenskap for ein sunn livsstil

Lidenskap for ein sunn livsstil

25, Bergen

Å vere lykkeleg, er meininga med livet. Å skape ein god livsstil er utfordinga. Min veg til eit lykkeleg liv, går gjennom sunn kost, mykje trening og rett balanse i kvardagen. Håper å inspirere med sunne oppskrifter,tips for å oppnå den sunne linje, tankar og refleksjonar rundt andre faktorar som skapar lykke. Kontakt: geijerstam@msn.com

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

hits